Velg dato og tidspunkt, datoer og tidspunkt merket med rødt er opptatt og kan ikke bestilles.
Velkommen til Bukkehaugen hundepark i Ål i Hallingdal. Her er det eit område på ca. 13 mål som er inngjerda med kennelgjerde med høgde på 192 cm. Det er 500 meter å gå rundt parken. Området er kupert og med ein del lauvskog. Det er og ein gapahuk med utepeis og sitteplassar i parken, for å kunne slappe mens hunden spring fritt og koser seg . Må ta med eigen ved. Det er sett opp 2 søppeldunkar for hundeavfall, og søppeldunk for anna avfall ved gapahuken. Det er og ei sluse som ein brukar når ein skal inn i parken, og ein anna dør for utgang. Dette for å unngå nærkontakt med hundar som skal inn og ut av parken.
Du booker tid i kalenderen, og då disponerer du parken åleine. Skulle det vera fleire som vil vera sammen, er det mulig ved at dei vippser ved inngangen.
Det er svært viktig at alle ryddar etter hunden sin, og har vaksiner i orden, for at oppholdet i parken skal bli så hyggeleg som mulig for alle.
Priser:
- 30 minutter: kr 75
- 60 minutter: kr 125
- 90 minutter: kr 180
- Fra 2 timer, kr 125 per time
REGLER/VILKÅR FOR BRUK AV PARKEN
- For å bruke parken må du booke deg tid. Dette gjer du ved å gå inn i kalenderen på Bukkehaugen hundepark, book tid og betal med Vipps eller bankkort.
- Du skal ikkje bruke parken når den allereie er booka. Ledige tidspunkt finn du i kalenderen.
- Når du har booka deg tidspunkt, skal du ha tilgang til parken aleine, eller med dei du måtte ynskje og ha med deg. (Du må betale for dei du ynskjer å ha med deg, betaling gjeld for kvar hustand.)
- Hundar skal aldri opphalde seg i parken uten eigar.
- Hunden skal vere frisk og ha fått dei vaksinene som kreves i Norge. (Er du i til om hunden kan ha smittsomme sjukdommar skal hunden fyrst sjekkast av veterinær.)
- Hunden skal førast i band ut og inn av parken. Lause hundar kun inne i parken.
- Evt. barn skal alltid koma ifølge med vaksne.
- All bruk av parken foregår på eige ansvar. Bukkehaugen hundepark har ikkje ansvar for evt. skader den måtte påføre seg sjølv eller andre.
- Plukk opp etter hunden din, bruk utplaserte dunkar, ein ved inn/utgang, og ein ved gapahuken. Der er det også dunk for anna søppel .
- Viktig at tida de har booka blir overholdt i forhold til andre som har booka.
- Lukk att døra etter deg både når du går inn i parken ,og når du går ut att.
- Kom gjerne i god tid og la hunden vere i slusa til det er tid for å gå inn. Kanskje den gjer frå seg der og det er då enkelt å plukke opp.
- Det vil bli utført stikk-kontroller og oppsyn uten forvarsel. Overtredelse av desse regler kan føre til utestengelse for kortere eller lenger tid.